HÆLFJELLET – UTSIKT SÅ DET HELD

februar 25, 2020

Turer

Knapt noko fjell som omkransar Grødalen kan by på betre utsikt enn Hælfjellet.

Det er laurdag 4. september 2010. Klokka er 07.00, og gradestokken viser minus 4 grader på Tøftvangen Setervollen ligg kvitrima, og over bakken ligg det eit tynt lag med dis. Kl. 08.00 kjem sola og jagar vekk både rim og dis. Alt ligg vel til rette for ein fin haustdag.

Føremiddagsturen i dag går til Hælfjellet. Stien startar rett overfor parkeringsplassen som ligg like etter at du har passert høgste punktet på Hafsåshjellen, på veg mot Hafsåsen.Turen går etter tørr og godt rydda sti, i variert og stort sett lett terreng. Gangtid er ca. 1 time.

Varden rett opp for Svisdalen er ein naturleg rasteplass (merka med raud ring på kartskissa). Dette er ein sjeldan vakker varde, med følgjande vitale mål: høgd ca. 2,5 meter, diameter ca. 2 meter.

Bileta får tale for seg sjølv.

På denne turen kan det vere vanskeleg å finne vatn.

Hælfjellet høver best som barmarkstur. Om vinteren ligg det lite snø her. Dessutan er det strevsamt å kome både opp og ikkje minst ned med ski på føtene.

God tur.

Peder Magne Solheim